Storbonden om jordbruksoppgjøret

Nationen skrev onsdag 27. april om lammetilskuddet og årets jordbruksforhandlinger. Storbonden uttalte seg;

– Har resignert
Sauebonde med mastergrad i finans, Anders Schanche Rettedal (34), var ein av sauebøndene som ropte varsku om effekten av omlegginga i fjor. Han seier modellen som blei lansert i vinter ville vere ei god løysing for å dekke inn tapa og han er kritisk til at forslaget ikkje blir fremja i jordbruksoppgjeret.
– Det vitnar om at det ikkje er vilje til å innrømme feil og at det nok er lettare å feie det inn under teppet, seier han.

– Er du skuffa?
– Det er nok meir ei kjensle av resignasjon. Sauebønder er lei av å klage til ein mur som ikkje høyrer etter, seier han.

Les også: Kronikk: «Lammetilskotet må endrast»

Sjølv har han 630 sauer som skal lemme i år. Så langt har det kome 1220 lam. Nå er han vel så opptatt av forslaget om å gjeninnføre tak på tilskot ved 400 vinterfôra sauer.
– Når rammevilkåra skiftar så ofte, blir det vanskeleg å leggje planar for framtida, seier han.
Han uttrykkjer sympati med at mindre sauebønder skal få levelege vilkår, men han tykkjer det er paradoksalt at bondeorganisasjonane sjølv står bak forslaget.

Her kan du lese hele artikkelen i Nationen.
Og her er lederen fra dagen etter som følger saken opp.

Er du interessert i hva jordbruksforhandlingene går ut på, kan du se denne korte snutten fra Nationen.