Sauebønder kan miste halv milliard i kvalitetstilskot

(Nationen 12. mai 2015:)

Bildetekst:
Lammetilskot: Sauebonde Anders Schanche Rettedal (34) reagerer kraftig på at eitt års kvalitetstilskot for lammeslakt kan bli forhandla bort for å framskyve og forenkle utbetalinga. Sjølv vil han miste 380.000 kroner i tilskot. Saman med Norsk Sau og Geit krev han forslaget stoppa. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Eit forenklingsforslag vekker ramaskrik 
i sauenæringa, som kan tape ein halv milliard kroner på omlegginga. Norsk Sau og Geit krev at forslaget blir stoppa.

RENNESØY. – Å endre tidspunkt for utbetaling er vel og bra, men omlegginga kan ikkje gjerast slik at vi mister eitt års tilskot. Dei kan ikkje drive å forhandle om millionar i jordbruksoppgjeret, og så gi bort ein halv milliard, seier Anders Schanche Rettedal.

34-åringen har sauer, griser og ammekyr på Mosterøy i Rennesøy kommune i Rogaland. Eit forslag om å leggje om lammeslakttilskot, som ligg inne i både tilbod og krav i jordbruksoppgjeret, vil gjere at han og andre sauebønder mister eitt års tilskotsutbetaling. Rettedal, som har 700 vinterfôra sauer, taper 380.000 kroner.

– Eg tykkjer det er ufatteleg at våre eigne organisasjonar går inn for det. Det er bra med forenklingar, men rekninga vi får er alt for stor, seier han.

Framskyvings-trøbbel
I dag får bønder 500 kroner i kvalitetstilskot per lam. Utbetalinga blir gjort av staten i juni året etter. Forslaget går ut på å la slakteria stå for utbetalinga ved slakting om hausten, noko òg forenklingsgruppa til Lars Sponheim tykte var ein god idé. Utfordringa er at framskyvinga vil utløyse dobbel utbetaling på statsbudsjettet i overgangsåret.

«Arbeidsgruppa ser budsjettutfordringen i omleggingen, men vil likevel peke på forenklingsgevinsten ved en slik omlegging av forvaltningen», skreiv Sponheim-utvalet i rapporten i vinter.

Sponheim sa sjølv til Nationen at han rekna med det må finnast ein god måte å løyse utfordringa på. Bondelaga tok òg opp forslaget i fjor utan resultat.

To år med halve tilskot
I år føreslår både bondeorganisasjonane og staten at omlegginga blir gjennomført ved at det blir utbetalt halvt tilskot for lamma som blir levert i både 2015 og 2016. Det for å «unngå problemer med flytting av penger mellom budsjettår», som det står i kravet.

Norsk Sau og Geit, som sjølv har ønskt omlegginga velkommen, reagerer kraftig på måten det blir gjort på.

– Vi kan ikkje finne oss i eit tap på ein halv milliard kroner. Det er heilt uakseptabelt. Anten må ein finne ein annan overgangsordning eller så må omlegginga stoppast, seier leiar i Norsk Sau og Geit (NSG), Tone Våg.

– De vil òg ha omlegging?

Tilskotstap
«Vi kan ikkje finne oss 
i eit tap på ein halv 
milliard kroner. Det er heilt uakseptabelt.»

– Ja, men den tekniske overgangsløysinga er ikkje diskutert med oss, seier ho.

Forsvarer omlegginga
Begge bondeorganisasjonane forsvarar løysinga og peiker på at den løpande utbetalinga til bonden ikkje blir mindre per år.

– Det blir ei forskyving, men om produksjonsvolumet er uendra blir utbetalinga per år som før. Den som aukar produksjonen får ein positiv effekt og den som sluttar får ein negativ effekt. Samla meiner vi det er ei god løysing, seier jordbrukets forhandlingsleiar Lars Petter Bartnes.

– Ein halv milliard blir borte?

– Ordninga får god likviditetseffekt når ein er i gang. Det er viktig for oss å sikre gode løysingar for dei som er i og skal inn i næringa, seier Bartnes, som vedgår at tapet dukkar opp når du sluttar.

– Om tilskotet ein dag blir fjerna er ein halv milliard tapt?

– Det er ingen garanti for kva som skjer framover, men det er ein del av jobben vår å hindre at det skjer, seier han.

Leiar Merete Furuberg i Småbrukarlaget skriv i ei tekstmelding at pengane ikkje blir borte, at det vil bli utbetalt like mykje i 2016 som i 2015 om forholda elles er like og at bønder i ein oppbyggingsfase vil tene på omlegginga i 2016.

Bondelaga og NSG skal drøfte saka i dag.

– Kraftige reaksjonar
Rettedal synest ikkje det er godt nok at den årlege utbetalinga blir uendra.

– Sjølv om tapet først blir synleg når du sluttar, så er det store summar vi gir bort her. Tapet kan òg dukke opp om tilskotet ein dag blir fjerna grunna overproduksjon. Eg bruker berre fire minutt på å fylle ut søknaden. Det er på langt nær verdt å miste eitt års tilskot for å få utbetalinga 8 månader før. Eg er sjokkert. Mange reagerer svært sterkt når dei forstår kva som er i ferd med å skje, seier han.