Klosterlam får pris for unikt lammekjøt

Klosterlam på Mosterøy i Rogaland har fått diplom frå Matmerk om at lammekjøtet deira gir ei unik smaksoppleving, skriv Nationen 08.09.16.

Her les du artikkelen i sin heilhet:

Fagjuryen som vel ut dei få som kjem gjennom nålauget og får eit slikt diplom, er leidd av fylkesmannen i Hordaland, Lars Sponheim.

I juryen si grunngiving heiter det: «Dette er eit utruleg saftig og smaksrikt lammekjøt med tydeleg opphav og historie. Regionen nord for Stavanger i Rogaland er kjent for å levere tidlege lam av god kvalitet, fordi kystområdet har frodig beite frå tidleg vår. Lam frå Klostergarden er utvald etter kriterium for kjøttfylde og størrelse. Det er kjøtfullt, mørt og saftig og skil seg ut frå standard lammekjøt.»

Klosterlam får råvarene sine frå 46 sauebønder nord i Rogaland.

– Det er ei anerkjenning for å satse på kvalitet, og for langsiktig og målretta arbeid med å bygge et varemerke basert på staden det kjem frå og historie, seier Anders og Inger Lise Rettedal frå Klostergarden.